Bømlo Teater sitt Mostraspel " I slik ei natt" har urpremiere i Moster Amfi 27.05.2016 kl. 18.00
Manus er av Svein Tindberg. Regi av Ivar Tindberg
I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg. Han er ein av Noregs fremste skodespelarar og tekstformidlarar og var i fleire år skodespelar og regissør for sogespelet Kristkongane på Moster. Bror hans, Ivar Tindberg, skal ha regi.
Kjetil Bjerkestrand er ein av Noregs mest renommerte komponistar av film- og teatermusikk og komponerer musikken til det nye sogespelet. På scena står omlag 80 av Bømlo Teater sine eigne skodespelarar, styrka av nokre profesjonelle aktørar som mellom anna Svein Tindberg, Rolf Kristian Larsen, Anderz Eide, Nina Sele og Brynjar Stautland.
I slik ei natt skildrar Olav Haraldsson sitt liv og reise før han kom til Moster og sette kristenretten i 1024. Me følgjer det unge kongsemnet, etterkomar etter Harald Hårfagre, gjennom dei føregåande opplevingane som endrar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne legenda seinare kjent som Olav Digre, Heilag Olav og Rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Handlinga føregår på Moster, i England, i Frankrike, ombord på skipa, på Selja og i Cadiz. Me møter eit rikt persongalleri og Tindberg har på meisterleg vis fletta vågal humor saman med grunning over eksistensielle spørsmål om tru, liv og død. Problemstillingane er gjort like relevante for menneske i dag som den gong, anten det gjeld tru eller menneskeverd.
Tindberg har funne ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel som blir styrka av Bjerkestrand sin musikk, Ivar Tindberg sin regi og det visuelle uttrykket til scenograf og kostymedesignar Gjermund Andresen.
I slik ei natt blir ein del av Festspillene i Bergen (FiB) i 2016.
Me ynskjer velkommen urpremiere i Moster Amfi.
Framsyningar 27.5-29.5 kl 18.00
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler