Myrvold Design skaper gode inntrykk i form av grafisk design, webdesign og fotografi!
Myrvold Design skaper gode inntrykk i form av grafisk design, webdesign og fotografi!
Myrvold Design er eit lite foretak basert i Ørsta som tek på seg arbeid innan design, nettsideutvikling og fotografi, og er drive av Synne Øye Myrvold. Eg er utdanna Visuell Kommunikatør ved Høgskulen i Sørøst-Norge, og er for tida i gong med mitt første år på “Master in Media Practices” med fordjupning i design ved Høgskulen i Volda. I tillegg til design har fotografering i mange år vore ein av mine store lidenskapar. Eg har drive med foto på hobbybasis sidan 2008 og har teke eit år på fotolinja ved Sund Folkehøgskule.
Mitt mål er å skape gode inntrykk, anten gjennom utvikling av logo og visuelle identitetar, design av profileringsmateriell, design og utvikling av nettsider, eller gjennom fotografering. Det vert stadig viktigare for bedrifter å vere godt synlege, særleg på nett og sosiale medium. Difor har ein god logo og visuell identitet, ei oppdatert og mobiltilpassa nettside, samt illustrerande bilete av god kvalitet mykje å seie for kva inntrykk kundar får av di bedrift.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler