
Neste revy har premiere 1. mars 2018
Nærbørevyen har i over 50 år satt opp revyer på vår egen revyscene, Jadarheim.
Nærbørevyen er driven av Nærbø Musikkorps. Korpset har dreve med revy sidan 1962, og har hatt 23 oppsetjingar.
Revyen vert sett opp kvart tredje år, og medlemmane i korpset står for heile arbeidet sjølv. Dette gjeld alt frå ide, skriving, scenearbeid til framføringa.
Den første revyen starta så smått i 1962. Det var mest med tanke på ekstrainntekter til korpset, at ein byrja å tenkja på å ha ei forestilling.
Nærbørevyen hadde i starten ny revy kvart år, med stadig auke på billettsalet som krevde fleire forestillingar. Det som i frå starten av var meint å vera ei ekstrainntekt hadde vorte ein stor suksess. Det var faktisk skapt ein revyfeber på heile Jæren, frå Eigersund til Stavanger. Dette førte også med seg større forventningar til revyen, noko som resulterte i meir arbeid både med førebuing og framføring. Frå 1968 gjekk me difor over til å ha revy kvart andre, og seinare, kvart tredje år. No har me revy kvart tredje år.
Eit av kjenneteikna til Nærbørevyen har vore mykje god song og musikk. Dette er naturleg, så lenge det er eit korps som er aktøren. Revyen er ein viktig del av korpset sin aktivitet og me gjer oss ikkje med det første!
Hå Frivilligsentral
292 meter
For deg som ønsker å bidra med frivilligarbeid i Hå kommune. Ta kontakt på epost friv...
Pastolių montuotojai
409 meter
God kontakt - Nærbø
945 meter
God Kontakt arbeider for å skape og utvikle kontaktpunkt mellom barn og vaksne rundt ...
NOIF - Norsk organisasjon for integrering av...
2 km
NOIF jobber spesielt for å fremme en god integrering av flyktninger i det norske samf...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler