Landstadsenteret arbeidar med å ta vare på, vidareutvikle og aktualisere arven etter presten, salmediktaren og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad (1802-1880).
Nasjonalt Landstadsenter er ei ideell stifting, som vart skipa i Seljord 31. August 2008.
Stiftinga har til føremål å ta vare på og vidareutvikle, aktualisere og formidle den kultur- og kyrkjehistoriske arven etter personen, presten, salmediktaren og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad.
Senteret kan og arbeide med andre kulturelle uttrykk og tradisjonar med relasjon til Landstad si verksemd.
Stiftinga vil søke om å nytte Seljord prestegard for der å lokalisere Landstadsenteret. Førebels lokale annan stad kan nyttast i ein overgangsperiode.
Pr 10. januar 2011 har stiftinga 3 tilsette, og held til i mellombelse lokale i Bø prestegard.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler