Renovasjon i Nordhordland, Gulen og Solund
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 40 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå omlag 14 000 hushald, og 6 400 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.
NGIR tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen. I tillegg utfører selskapet slamtømming og tek imot bilvrak. NGIR har også eit eige steinuttak, og i Kjevikdalen i Lindås kan ein kjøpa stein, sand, pukk og grus.
NGIR driv informasjonsverksemd for å fremja kjeldesortering, og tilbyr opplegg for skuleklassar i våre eigarkommunar.
Du finn opningstidene her: http://ngir.no/om-ngir/opningstider-2
"På denne stasjonen kan du levera alle typar avfall. Du kan ryggja bilen inn i båsar og kasta avfallet ned i konteinarar. For større mengder avfall og næringsavfall finst det vekt for å vega avfallet.OBS: Det er ulike opningstider for næring/vrak/stein og resepsjon.Sjå vår nettside for opningstider."Anmeldelser, anvisninger og kontaktinformasjon NGIR.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler