Ein gong i tida håpar me på å selje eigne produkt frå garden, inntil då er det mest sjølvskryt og bilete frå garden på denne sida.
Nigarden er ein fruktgard på Ylvisåker. Garden er no driven av tredje generasjon Slinde, men med veldig god hjelp frå kårfolket samt eit godt innslag av slekt og vener.
I Nigarden har det tidlegare vore dyrka epler, plommer, pærer, jordbær og bringebær for sal, samtidig som det har vore mjølkeproduksjon. Hjortajakt er og ein viktig syssel. Med andre ord eit typisk vestlandsgardsbruk.
I dag er Nigarden delvis utplanta med nesten 3000 nye epletre fordelt på typane Gravenstein, Raud Gravenstein, Raud Aroma Ylvisåker og Discovery. Det står i tillegg att litt plommer og pærer for kosen si skuld.
Alle epler med undåtak for Gravenstein blir levert til Sognefrukt på Leikanger. Dette er ein god samarbeidspartnar for alle bønder i distriktet.
Frukt med feil farge, storleik eller med skadar har me dei siste 10-15 åra laga eplejus av. Me håpar på at me ein dag kan få laga vårt eige presseri til eplejus og kanskje eplesider for sal direkte frå garden. Fjøsen må i so tilfelle byggast om, noko som kostar både tid og pengar.
Me har mange tankar om utvikling av Nigarden, dei fleste er nok draumar og bør kanskje og forbli nettopp det. Gode idear til utvikling blir mottatt med takk. Enn så lenge vil denne facebooksida bli nytta til bilete og oppdateringar på kva som skjer på ein liten fruktgard i Sogn.
Om du likar det du ser eller les, er det berre å dele om de ynskjer der.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler