Hytteutleige med båt. Båter til leige
Vil du oppleve norsk natur, fiske, dra på båtturar eller
padle i kano, bade, dykke, klatre, gå på jakt eller berre
gå fotturar i fjellet? Det kan du gjere som vår gjest i Nipehyttene.
Dei fire Nipehyttene ligg i naturskjøne omgivnader rett ved
fjorden med den bratte, fascinerande Liadalsnipa i ryggen.
Du kan slappe godt av på terrassen til ei av dei fire hyttene,
kanskje grillar du sjølvfiska torsk eller varmar støle turmusklar
i den store, utandørs badestampen.
Hyttene våre passar godt for både familiar, mindre grupper
og enkeltpersonar, den minste hytta med 6 og den største med
10 sengeplassar.
Som vår gjest får du tilgang til båtar i ulike storleikar, både
med og utan motor (motorar frå 8-44 hestekrefter).
Dersom du vil padle, har vi også kano.
I naturfagre omgjevnader, om lag 2km biltur og 45 min. gange
frå hyttene, har vi ein enkelt utstyrt seterstøyl tilgjengeleg for
gjestane våre.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler