Velkomen til Nissedal kommune si offisielle Facebookside. Kommenter gjerne eller del innlegg med oss. Merk at me ikkje driv med saksbehandling på Facebook.
Nissedal kommune har omlag 1450 innbyggjarar, og i ferietider veks talet kraftig. Nisser, innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Treungen ligg ca. 10 mil frå Bø, Arendal, Grenlandsområdet og Kristiansand, og det er kort veg til alpinsenter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er jord- og skogbruk, pelsdyrhald, kraftforsyning og reiseliv.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler