Hyttegrend på vestbreidda av innsjøen Nisser i Nissedal, Telemark. Totalpakke, nykkelferdig hytte, frå kun kr. 1.390.000!
Velkomen til Nisser Hyttegrend!
Nisser Hyttegrend ligg idyllisk til ved Nisser, og har tomter og hytter for sal og utleige med fantastisk utsikt!
Nissedal er ein ekte heilårsdestinasjon med aktivitetsmoglegheitar både på sumar- og vinterstid. Vestsida av Nisser er kjent for sine lange, kvite sandstrender i tillegg til kulpar og jettegryter, og er eit badeeldorado for borna.
Oppmerka turløyper, gode fiskemoglegheitar, sykkelstiar, klatremoglegheitar og kort veg til alpinsenter gjer Nissedal til eit populært hytteområde.
Nisser Hyttegrend ligg ved vatnet, og tomtene har ei spektakulær utsikt over Nisser og dei blankskurde fjella omkring.
Me byr på blant anna:
- Bading i krystallklart vatn på kvite sandstrender
- Fiske i Nisser, som er ein av Noregs store innsjøar, over 4 mil i lengde, i tillegg til fjellvatn i nærleiken
- Oppmerka tur- og skiløyper, bl.a. ”Fjone Høgfjell” og Hægefjell, som ligg på 1022 m.o.h.
- Sykling i et variert og godt terreng, ideelt for både downhill- og landevegssykling
- Klatring i et av Noregs mest bruka klatreområde, her finn ein blant anna den verdskjente ruta ”Via Lara”. Nisser Hyttegrend har og innandørs klatrevegg for dei minste og buldrerom for våte dagar
- Alpint ved Gautefall Alpinsenter, ca. 25 min og Vrådal Panorama Skisenter ca. 50 min
- Bær og sopp av alle slag
- Fantastisk utsikt og stillheit
- Nisser Hyttegrend og Camping ligg ca. 500 m frå hyttefeltet, og har ein sumaropen kiosk, trampoliner, Tarzanslynge, hestar og andre aktivitetar. Her kan og leigast festlokale til bryllup og bursdagar o.l.
Nisser Hyttegrend tilbyr flotte hytter og tomter til heilårsbruk, midt i hjartet av Telemark! Nisser Hyttegrend er best heile året!
Visning kan avtales kvar dag, kontakt oss og gjør ein avtale.
Tomter og hytter
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler