Graut er sunt og godt, tradisjonelt og nytt. Vi feirar grauten med å arrangere det einaste Noregsmeisterskapet i graut på Dyrsku’n!
Graut er sunt og godt, tradisjonelt og nytt. Graut er blitt «in», og vi feirar grauten ved å arrangere det einaste Noregsmeisterskapet i graut i heile landet - sjølvsagt på Dyrsku’n i Seljord laurdag 9. september 2017!
Graut kokt på Noregs tradisjonelle kornsortar, bygg og havre, har synt seg å vera ernæringsmessig veldig bra. Graut smakar òg veldig godt koka med kjærleik og varme.
Dyrsku’n ønskjer å samle folk som liker graut; smaken, fellesskapet, tradisjonar og det å eksperimentere med nye smaker. Bli med du også! Sving grautsleiva og kok graut med oss på Dyrsku’n.
Graut er tradisjonsrikt, kvardagsleg og mangfaldig. På Dyrsku’n vert det konkurrera i to kategoriar: kvardagsgraut kokt på vatn eller kokt på mjølk, eller i dei valfrie kategoriane for tradisjonell festgraut og nyskapande graut, der det er opent for kreativitet og utforsking.
Noregsmeister i graut blir utropt til Årets Grautgrams 2017, vinn heider og ære og meisterskapens ærerike grautspann. Velkommen!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler