Nord-Fron Frivilligsentral drives av Nord-Fron Kommune, og held til i Gammelbanken på Vinstra.
Opningstider: Man-fre 09-15
På sentralen har vi opne aktivitetar kvar veke, til dømes steinsliping, strikkekafè, seniordans og bridgeklubb, der den som ynskjer kan delta.
Innvandrar -og flykningekvinner har saman med ein fin gjeng frivillige damer ei "kvinnegruppe" ein gong i veka. Målet for denne gruppa er å lære norsk språk, tradisjon og kultur.
Frå Frivilligsentralen administreres utkjøring av mat i samarbeid med Sundheim Sjukeheim, og koordinering av frivillige hjelpere til å ledsage ved sjuketransport, handletur ol.
Huset og aktivitetane drives av Nord-Fron kommune i samarbeid med eit stort nettverk av frivillige frå lokalbefolkninga i Nord-Fron.
Lag og foreiningar bruker lokalane våre som møteplass, og det er også mogleg for privatpersonar og andre grupperingar å leige lokalane våre til private arrangement.
Leigesatsar:
1. etasje til private arrangement: 795,-
1. etasje til private møte: 320,-
Nord-Fron Frivilligsentral samordnar den frivillige innsatsen som privatpersonar utfører i kommunen.
Sentralen spelar ei aktiv rolle når det gjeld å leggje tilrette tilbod, og for å ha ein møteplass for ulike grupperinger i lokalmiljøet.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler