
Hjå oss får du ureist mat og opplevingar av mange slag; alt frå hyggelege vennelag, høytidelege selskap via kurs og konferanse til juleverkstader.
Nord-Hidle er ei av Sjernarøyane, i Finnøy kommune. Det tek ein time med hurtigbåt frå Stavanger, og landskapet er mangfaldig og frodig: turen inn til oss enten med det gode offentlege båttilbudet, eller med privatskyss, er ei oppleving i seg sjølv.
Garden NordaHidle ligg ved kaien, og ønskjer du, guidar me gjerne opp bakken til tunet. Er veret godt, smakar det med eit glas god drikke under kastanjetreet.
På kjøkkenet rår matgleda, og det er alltid noko friskt og lokalt som blir servert. Her står ureist mat i høgsete. Me steller til for grupper, og lagar mat for dykk: frå det enklaste til det meir overdådige.
Me tilbyr kurs og konferansefasilitetar for grupper opp til 60 stk. I Eldhuset kan me vera opp til 30 stykke, er de fleire, brukar me den flotte løa på Stykkjet.
Kunne du tenkja deg å gå ut i kulturlandskapet, kan me ta ei kulturhistorisk vandring. Har de lyst, tilbyr me også «erotiske opplevingar» med historieforteljingar om fornminne og erotisk måltid etterpå.
«Det er så roleg og fredeleg her!» seier ofte gjestene våre. Me er berre 23 fastbuande, så objektivt sett, er det roleg her. Det regnar ofte i Ryfylke, men Sjernarøyane har eit serleg godt klima, så sola skin faktisk så godt som kvar einaste dag!
Rennesøy
18 km
Rennesøy este o comună din provincia Rogaland, Norvegia. Populația comunei este de 39...
Hundvag
29 km
Hundvåg may refer to:PlacesHundvåg, Stavanger, a borough in the city of Stavanger in ...
Skjærgårdshuset
29 km
Completely satisfied. Good service and tasteful food in a magic environment. Perfect ...
Jack Sushi & Asia mat
29 km
Great portions, rolls are bigger than in another restaurants and have decent amount o...
Jack Sushi & Asia mat
29 km
Restauranten er ikke stor, med kompakte sitteplasser, og aksepterer kun reservasjoner...
Jack Sushi & Asia Mat
29 km
Verdt hver krone! Fantastisk og god sushi fra en hyggelig familiebedrift. Anbefales.
The Shack Tasta
30 km
Skal du ha burger i Stavanger området er det kun en plass du trenger å gå. The Shack....
Flow Marine
30 km
Flow Marine AS ble etablert av Flemming Brun Henriksen sammen med W-Yacht i 2016. Vi ...
Wayne's Coffee Tasta Senter
31 km
Fint lokalsenter med det viktigste som feks vinmonopolet, matbutikk, restaurant, tren...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler