Nordfjordrådet er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vågsøy, Eid, Selje, Hornindal, Stryn og Gloppen.
Nordfjordrådet består i dag av kommunane: Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen.
«Vilje til vekst» inneber eit samarbeid mellom kommunane som byggjer på tillit og rausheit. At nabokommunen lykkast, er viktig for regionen samla. Gjennom å bygge på dei ulike stadane sine styrker og kvalitetar, skal vi heie kvarandre fram og styrke den regionale identiteten for Nordfjord.
Nordfjord har ein sterk kultur for innovasjon og gründerånd, og har eit offensivt og variert næringsliv. Gjennom eit sterkt regionalt samarbeid skaper vi vilje til vekst.
Nordfjordrådet skal vere ein pådrivar og tilretteleggar for regional utvikling. Nordfjordrådet sine overordna mål er å legge til rette for vekst og verdiskaping både i privat og offentleg arbeidsliv. Regionen skal ligge i forkant innan det grøne skifte, og vere ein foregangsregion innan fornybar energi. Vi skal styrke regionen som ein attraktiv bu- og
arbeidsregion og vidareutvikle tettstadane våre med bakgrunn i staden sine kvalitetar og fortrinn.
Nordfjord som region skal vere kjent for god inkludering av nye tilflyttarar uansett nasjonalitet. Vi
skal ha eit utdanningstilbod som er i samspel med næringslivets framtidige behov.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler