Nordre Brudalen er ein liten gard på Torpeskogen i Nordre Land kommune i Oppland fylke som har spesialisert seg på diekalv.
Garden ligg nedst i ein skogdal med bratte lier og høge fossar. Som tidlegare husmannsplass kan ein føre historia attende til i alle fall 1640-talet. Stabburet på garden er frå denne tida, og fortel om over 350 år med kjøtproduksjon tufta på ressursane i utmarka. Torpe- skogen er prega av bratt lende og steinfull mager jord - men beiteressursane er store, og grunnlaget for husdyrhald låg alltid her, det gjer det framleis.
Nordre Brudalen er ein liten gard på Torpeskogen i Nordre Land kommune i Oppland fylke. Garden ligg nedst i ein skogdal med bratte lier og høge fossar. Som tidlegare husmannsplass kan ein føre historia attende til i alle fall 1640-talet. Stabburet på garden er frå denne tida, og fortel om over 350 år med kjøtproduksjon tufta på ressursane i utmarka. Torpe- skogen er prega av bratt lende og steinfull mager jord - men beiteressursane er store, og grunnlaget for husdyrhald låg alltid her, det gjer det framleis.
Dølafeet er den tradisjonelle storferasen i Gudbrandsdalen, Østerdalen og eit stykkje utover skog- og flatbygdene sør for desse. Dølafeet sitt område var langt frå byane og marknadane for mjølkeprodukt, og det vart difor lagt større vekt på kjøtproduksjon på dølafeet. Dette utvikla dølafeet til eit fe med god evne til å omdanne utmarksbeite til fine slakte- dyr som er kjende for å ligge nær vilt i smak. I dag er dølafeet det mest utrydningstruga av dei historiske norske ferasane, med kring 130 vaksne kyr. Dølafeet si framtid ligg fyrst og fremst i si nye rolle som ammeku. Her på garden blir det bygt opp ei stamme på 16 ammekyr, som produserer diekalv.
Husdyrhaldet her er lagt opp på den måten at sesongen startar med kalving i februar. Kvar ku har eigen binge og er aldri bunden. Slik kan kua kalve slik det er naturleg for henne i fred for resten av kyrne. Kua og kalven går slik fram til kring 1. mai, då blir dyra slopne ut på innmark. Oksen blir sloppen med for å pare kyrne til neste sesong, og slik blir dei ein naturleg flokk med dyr av alle aldrar og kjønn. Kring 1. juni blir flokken sloppen på skogsbeite, her veks kalvane opp på ein mangfaldig kost på skogsgras, urter og lauv, men hovudkosten er sjølvsagt mjølka frå mora. I slutten av august går flokken på innmarka fram til kalvane blir slakta i slutten av september, det blir lagt vekt på å minimere stress i samband med slaktinga. På denne måten blir kalvane frå Nordre Brudalen eit produkt fyrst og fremst av utmarka - berre av mjølk og beite, og lite stress rundt slaktinga gjev og eit mørt og fint kjøt.
Vonar det smakar!
Thomas Stubberudlien Brudalen, dølafebonde
Diekalv av Dølafe
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler