
Her er litt om opphavet til laget vårt som me er så stolte av.
Norsk Folkehjelp Årdal blei starta 3. august 1951
I byrjinga blei det satsa på fyrstehjelpsstasjonar på fjellet, husmorferie og fyrstehjelpskurs.
Husmorferie var det stort behov for i tida etter krigen. Dette blei arrangert i Årdal frå 1951-63, med opptil 40 husmødre og borna deira. Turane gjekk opp på Golsfjellet, til Sogndal, Voss, Bulken og Vadheim.
Fyrstehjelpsstasjon på fjellet stod på dagsorden allerede ved starten i 1951.
Me veit at det var fjellteneste allereie på 50 talet, men dei mangla det meste av utstyr. Deriblant samband og transport utstyr. I 1958 hadde dei orginalt transport, da med rein og slede.
Idèen til eiga hytte på fjellet kom opp under påskeberedskapen på Sletterust i 1972. I 1974 kunne hytta ”Jotnavåken” ta i mot dei fyrste overnattingane. Hytta blei utvida i 1994 og er i dag ca 260kvm.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler