Kjøp og salg av juletre.
Norsk Juletreservice AS er eit produsenteigd salselskap som sel juletre til grossistar, kjeder og torghandlarar. Kontorstaden vår er på Bratthetland i Hjelmeland kommune, Rogaland, medan produsentane våre held til mellom Bergen og Kristiansand.
Selskapet blei stifta i 1998. Det er 80 aksjonærar og mange av desse er produsentar og leverer tre til selskapet. Vi engasjerer oss i heile produsjonen frå planter til ferdige tre, med fagsamlingar og studieturar. Kvart år set vi av midler til forskning og utvikling av næringa. Vi samarbeider med Norsk Pyntegrønt og Dansk Juletræsdyrkerforening. I tillegg driv vi eigne prosjekt.
Vi sel juletre over heile landet og eksporterer tre til Danmark, Tyskland, Nederland og England.
Produsentar som ikkje er aksjonærar i selskapet kan også levere tre. Ta gjerne kontakt om du har tre for salg.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler