"Det einaste språkmuseet i Norden, Aasentunet, gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk.Arkitekturen i Aasentunet er ei oppleving i seg sjølv. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av den verdskjende og prislønte arkitekten Sverre Fehn og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg.Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke.Tunkatt og ordspion Lurivar har sin eigen hems med bøker og aktivitetar."
Adresse: Indrehovdevegen 176 , Hovdebygda 6160, NO
Telefonnummer: 70 04 75 70
By: Hovdebygda
Rute: Indrehovdevegen 176
Postnummer: 6160