facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Opptur Yoga

Opptur Yoga

Info

Opptur Yoga er opptatt av å ha ei bredde i yogaen. Ein variert praksis gjev rom for å utforske ulike inngangar til ro og overskot. Det gjev ein djupare sinns- og kroppskompetanse. Vi underviser teknikkar frå klassisk-, yin- og dynamisk yoga.

Historie

Opptur Yoga er opptatt av å ha ei bredde i yogaen. Ein variert praksis gjev rom for å utforske ulike inngangar til ro og overskot. Det gjev ein djupare sinns- og kroppskompetanse.

I dag finst det mange ulike retningar innan yoga. Nokre har mykje bevegelse, andre er lenger i stillingane. Nokre har fjerna mange av dei tradisjonelle praksisane som meditasjon og pusteøvingar og andre har gjort yoga om til eit passivt strekkprogram.

Utallige mennesker har gjennom mange generasjonar erfart yogaens verdiar. Opptur Yoga legg til rette for at du kan finne fram til yogaens verdiar gjennom din eigen praksis. Vi underviser teknikkar frå klassisk-, yin- og dynamisk yoga.

Klassisk yoga
Klassisk yoga er yoga slik den har vore praktisert i over 1000 år, der ein held dei fysiske stillingane over tid og det meditative er i fokus. Klassisk yoga består òg av meditasjon, konsentrasjon, avspenning, pusteteknikk og renselsesteknikkar.

Eit anna namn som ofte blir brukt på klassisk yoga er «Hatha yoga».

Dynamisk yoga
Dynamisk yoga er yogaforma som har utvikla seg dei siste 100 åra, der bevegelse er blitt sentralt, og tempoet ofte er raskare.

Dette er retninga vi kjenner best i vår del av verda, under namn som «Poweryoga», «Ashtanga yoga», «Flow»,«Viniyasa», «Fitness yoga».

Yinyoga
Yinyoga er ei moderne re-oppdagelse av den tradisjonelle måten å praktisere fysisk yoga på, med lange hald av stillingane. Yinyoga oppstod på 80-tallet som eit motsvar til fitness- og treningstrendens einsidige fokus på dynamisk yoga. Det er ein retning som trekker på taoistisk tenkning og praksis.

Ein synergi av bevegelse, stillheit og pust
Det er ikkje namnet, eller forma som definerer effekten. Dynamisk yoga kan vere meditativt, klassisk yoga kan auke hjartefrekvensen.

Yoga handlar om å over tid utforske eit sett teknikkar for å sjå kva det gir deg.

Produkter

Yogaklassar

Adresse: Tertnes, Hordaland, Norway
Telefonnummer: 91601281
on.agoyrutppo@tsop
By: Tertnes


Nærliggende lignende selskaper
Åstveit skole Åstveit skole 116 km Fin skole og jeg hadde det greit når jeg gikk her. Lærerene er helt grei
Tertnes Idrettsskole Tertnes Idrettsskole 117 km Tertnes idrettsskole legger vekt på allsidighet og lar barna få prøve ulike idrettsgr...
Tertnes skole Tertnes skole 117 km Utrolig mange gode, uforglemmelige minner fra barndommen her!
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler