Me er ein familie som driv garden Rørtveit med kjøtproduksjon på sau, storfe og gris. I tillegg har me hest, gjetarhund og høner på garden!
Gunleik og Turid driv familiegarden til Gunleik saman med sine to gutar født i 2011 og 2014. Me tok over garden som 19 år og har sakte men sikkert bygd den opp til ein arbeidsplass der me er aktive alle saman. På garden er det kjøtproduksjon av sau, storfe og litt gris. I tillegg har me høner, hestar og bikkjer. Garden ligg fint til i kulturlandskapet i Flatdal mellom Nutheim og Natadal, med utsikt rett mot Skorve og Bindingsnuten. Til garden høyrer også staulen Storstaul der både sau og storfe beiter sumarstid. Der er fleire gamle staulsbygningar som er rusta opp.
Me er glad i dyra våre og meinr godt dyrestell og kjærleik til dyra gjev godt kjøt! Mykje utegang, gode beiter og flott kulturlandkap er med på å legge ei ramme rundt drifta.
Saueproduksjonen: Me har ca 120 vinterfora mordyr av norsk kvit sau (NKS) og ca 30 mordyr av farga spæl. Sauene beiter vår og haust i kulturlandskapet i Flatdal og frå juni-september reiser dei til staulen i Svartdal og vidare innover i Brattefjell/Vindeggen landskapsvernområde der dei nyt rikt og godt beite heile sumaren. Me lagar pinnekjøt og fenalår i dei gamle bygningane frå 1600-talet på garden etter gamal oppskrift og sel elles heile og halve dyr av sau og lam. I tillegg har me mange flotte sauefellar i alle fargar for salg!
Me er også aktive innanfor avl og reiser kvar haust på utstilling med utvalde værar for bedømming og salg.
I tillegg har me svært god hjelp av gjetarhundane våre Laika og Rocki i arbeidet med sauen!
Storfeproduksjon: Me har ca 15 mordyr av storfe. 10 av dei er av rasane charolaise og Hereford, mens resten er rein Telemarksku. Me ynskjer å nytte Telemarksku til kjkøtproduksjon, vere med å gje rasen oppmerksomhet og fremme denne fantastiske kyri! Kjøt frå telemarksfe har ein særeigen og god smak med spessielt flott marmorering. Telemarkskyri er raudlista og i 2016 var det registrert ca 330 mordyr av rasen i landet. Ved å kaupe produkt laga av telemarksku - både kjøt og mjølk - er du med på å berge rasen!! Alle kyrne har namn og er svært kjælne og tillitsfulle. Mødrene får gå med kalven sin heile sumaren både på staulen og i det flotte kulturlandskapet i Flatdal!
takket være beitedyra så vert stiar haldne opne og kulturlanskapet vert hindra i å gro att!
Kvar sumar har me ein gjeng utegris som nyter livet med leik, sol og gjørme!
Er DU interessert i kjøt frå sau/lam, ku/kalv eller gris? Heile,halve eller kvart dyr som er ferdig oppdela og vakumpakka ved lokalt slakteri klart til å leggast rett i frysen? eller kanskje ein varm og god sauefell?! Ta kontak på telefon, melding el.l for ein kosleg prat, eller ta meir enn gjerne turen innom oss på garden eller staulen for å helse på dyra!
Bobilfarmen
1 km
Et unikt tilbud for bobilgjester som vil være på en gard der noe skjer, men samtidig ...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler