Rabbagasten har tøffe og behagelege bæreselar til små og store rabbagastar - i tillegg finn du flotte barnekle laga for å leike i.
I nettbutikken min www.epla.no/shops/rabbagasten ligg det ute eit lite utval av sortimentet mitt, men det meste eg syr er på spesialbestilling.
Bæresele-prisar finn du i albumet her på sida; "oppdaterte prisar" og bæresele-typane eg tilbyr er meitai og onbu samt konvertering av sjal til ringslynge.
Storleikane for bæreselane er:
Fersking (nyfødd)
Småtass (ca 3-4 mnd til ca 1,5 år)
Rakkar (ca 1,5 år til 3 år)
Mega-Rakkar (ca 2,5 år og oppover).
Grunnprisen inkluderer valfrie stropper (sjal/klips/standard) og panelstoff og forstoff i lin/bomull.
Applikasjon frå 200,- og silkefora panel + hette 150,-
Eg er litt sånn old-school-sydame så eg tilbyr ikkje ferdigprogrammerte symaskinbroderi. Eg likar betre det mindre maskinelle preget på applikasjon, og tilbyr difor dette som ekstra dekor.
Har du andre dekorynskje (handtrykt/handmala/handfarga mønster el.l) tek eg meir enn gjerne imot kunstnariske utfordringar!
Eg annonserer her på Facebook ca ei veke før ny bestillingsrunde startar, så om du ynskjer plass i bestillingskøen er det lurt å følge med på nytt frå sida her. ;-)
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler