Årdal - bygda der Sognefjorden går på land og dannar porten til Jotunheimen. Ein god kommune å bu, leva og arbeida i.
Årdal ligg lengst inne i Sognefjorden og dannar porten til Jotunheimen frå vest. Kommunen grensar i nord og vest til Luster, i aust til Vang (i Oppland fylke) og i sør til Lærdal.
Kommunen har to tettstader, Årdalstangen og Øvre Årdal med omlag 5350 innbyggjarar. Tettstadene er omkransa av dalane; Naddvik (Vikadalen), Nundalen, indre og ytre Ofredal, Seimsdal, Fardalen og Utladalen.
Her er det storindustri og topp moderne samfunn, velstelte gardsbruk, naust ved fjorden, skogsdrift og fiske i elv og innsjø. Jotunheimen er næraste nabo med sin dramatiske natur med fjelltindar, bratte fjellsider og høge fossefall.
Årdal har eit mildt klima og lite nedbør.
Tilhøva ligg godt til rette for avstressande rekreasjon og friluftsliv sommar og vinter. Kommunen har godt utbygde idrettsanlegg for trening, turnering og konkurranse.
Årdal kommune har rimelege bustadtomtar som er ledige for tildeling i Seimshagane i Seimsdalen og ved Timmersletti i Utladalen.
Årdal er eit trygt lokalsamfunn, trafikksikker kommune og medlem i Safe Community.
Årdal kommune har mål om å nå fleire innbyggjarar/publikum og den yngre garde ved å dele informasjon publisert på www.ardal.kommune.no
Årdal kommue sin facebook-profil er meint som ein ekstra informasjonskanal. Dersom du skal sende formelle førespurnader til kommunen, send ein e-post til [email protected]
Dette er Årdal kommune si offisielle facebookside. Her finn du nyhende, ledige stillingar, kunngjeringar og anna nyttig informasjon frå kommunen.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler