Rema 1000 Stranda
Den 9.august 1929 fekk Oskar Gjærde utskrive handelsbrev og det er starten på vår historie. Det starta først med ein kaffe i møbelfabrikken til P.I Langlo, nokre år etter vart kaffe nr 2 opna i ei eldre bu ved sjøen. I 1930/31 bygde han seg hus på Sløgstad ( Midttun ) og flytta kaffeane dit. Det vart også starta oppe eit lite butikkutsal på 15 - 20 kvm. Gjennom åra vart det gjort fleire til - og ombyggingar etter kvart som verksemda vaks og endra karakter. Mellom anna har det blitt drive eigenproduksjon av fiskemat og kjøttvarer. I 1953 vart butikken ombygd til sjølvbetjening som ein av dei første butikkane i landsdelen. 3. mai 1968 opna butikken i nye lokaler i Oskarhuset, rett over vegen frå Midttun. Etter at kjedene i varehandelen etablerte seg har vi vore innom ALFA, VIVO og SPAR. 11. mai 2006 starta eit nytt kapitel, då vart REMA 1000 Stranda opna i nye lokaler, også denne gongen vart flyttinga kort. Vår historie strekk seg snart over 90 år og 4 generasjonar, og vi er ikkje ferdige enda.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler