
Dette er ei side for å presentere Rognaldsvåg gjestehus, og for å vise fram kva øya Reksta har å tilby av tur- og naturopplevingar.
På øya Reksta rett vest for Florø ligg Rognaldsvåg med omlag 80 innbyggjarar. Fiskeveret har ein sjeldan bygningsmasse med våningshus, naust og buer. Staden har to hamner med ein særprega kanal i mellom, der sjøhusa står tett i tett. Rognaldsvåg er rik på atmosfære og kulturminne som gravplassar og hustufter frå vikingtida.Med storhavet som næraste nabo er utgangspunktet for naturbaserte fritidsaktivitetar det beste, vi kan freiste med fiske, bading og turgåing. Ein fottur over Reksta på langs er ei flott oppleving!
Rognaldsvåg gjestehus ligg omlag 3 minutt frå rutekaia. Der er 6 soverom, alle med doble sengar. Der er to stover, ei opp og ei nede, fullt utstyrt kjøkken, stort bad og eit toalett.
Der er ein balkong mot vest, og ein stor altan mot nord. Ellers er det platning ved inngangspartiet, og ein grøn hageflekk.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler