Rosendal Filmklubb viser to filmar i månaden i Rosendal Samfunnshus. Vi viser filmar på ekte filmrullar og er muligens den minste filmklubben i Noreg!
Sidan 2007 har det gamle 35mm filmvisningsutstyret i Rosendal Samfunnshus stått og støva ner. Lydanlegget, som var nytt to år tidlegare har ligge nedpakka. I maskinrommet heng kinoprogram som vitnar om samanhengande kinodrift frå tidleg 80-talet fram til 2007. Med andre ord har alt ligge til rette for at vi skal starte opp att filmvisning i Rosendal Samfunnshus under Rosendal Filmklubb.
Rosendal Filmklubb skal vere eit tilbod der ein får presentert klassikarar frå filmhistorien og nyare filmkunst.
Rosendal Filmklubb skal ha 2 faste visningar i månaden. Fredagen blir det filmklubbkveld med film og vindrøs etter filmen, og søndagen er dagen for barne/familiefilm.
For å kjøpe billett til filmane må du vere medlem. Medlemskap kjem til å koste 50 kr i halvåret. Billettane kjem til å koste 50 kr.
Når vi er komne i gong med filmvisingar og fått etablert oss i kvinnheringane si medvit, vil vi etterkvart sjå på mogelegheita for å lage spesielle hendingar i samband med filmvisingane. Idear som har blitt lufta er mellom anna utekino (både for unge og vaksne) og temakveldar med fokus på spesielle tema eller land. Kom gjerne med tips til program!
Det som er særskild med Rosendal Filmklubb er av vi kjem til å vise film i det gamle formatet, 35 mm. Digitalisering av kinoane er eit faktum over heile Noreg, likevel er filmentusiastar einige om at filmopplevinga du får frå ekte filmrullar ikkje kan samanliknast med dei digitale.
Vi i styret gler oss enormt til å gje eit slikt tilbod til kvinnheringane, ei reise i filmen si rike verd!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler