Rotfesta lager ekte konfekthandverk med rotfeste i naturen og kulturen i og kring verdsarven Vestnorsk fjordlandskap - Nærøyfjorden.
Rotfesta lager ekte konfekthandverk med forankring i verdsarven Vestnorsk fjordlandskap - delområde Nærøyfjorden - og tilgrensande område. (Nærøyfjorden Verdsarvpark)
Konfekten til Rotfesta har ein rik, harmonisk smak og deilig konsistens som kjem av god tid og gode råvarer. God tid i utviklinga av produkta, men og når dei blir produsert – for hand, med naturlege, økologiske og lokale råvarer.*
Rotfesta starta opp som følgje av eit ønske om å ta i bruk naturen sine rike ressursar i form av bær, urter og andre ville nyttevekstar og skape noko nytt.
Ei anna viktig drivkraft bak verksemda er ønskjet om å formidle til omverda delar av natur- og kulturarven i det eineståande fjordområde Rotfesta høyrer til i.
*=Det vert brukt økologiske og lokale råvarer i den grad det let seg gjere.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler