Ørskog Energi AS er eit nettselskap som er eigd av Skodje kommune, Stordal kommune og Ørskog kommune.
Selskapet har si historie tilbake til tidleg i 1920-åra då Tafjord Kraftselskap bygde ut produksjonsanlegga i Tafjorden.
Organiseringa av selskapet har i denne perioden utvikla seg frå fleire kommunale selskap til eit interkommunalt selskap (Ørskog Interkommunale Kraftlag) og til aksjeselskap med namn Ørskog Energi AS frå 01.01.2000.
El-tryggingsarbeidet har vi i dag organisert gjennom selskapet Elsikkerhet Møre AS. Dette selskapet utfører det praktiske tilsynsarbeidet for det lokale el-tilsyn (DLE) ved Ørskog Energi AS. Selskapet er eigd saman med fleire nettselskap i distriktet, og utfører el-tryggingsarbeidet i dag for over 70 000 kundar.
Ørskog Energi AS har i dag 15 tilsette. Desse fordeler seg på administrasjon, drift, el-tilsyn og kundebehandling. Selskapet har eit nært og tett samarbeid med andre e-verk i området.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler