Fjellmaraton i Ørsta.
Laurdag 23.juni 2018
Halv og heilmaraton i hjartet av Sunnmørsalpane.
Konkurranse og turmarsj.
Info om Ørsta fjellmaraton
Velkomen til løpet som tek løpinga tilbake til grunnprinsippet. Vi løper fordi vi elsker det og fordi vi er født til å løpe.
Ørsta fjellmaraton har to distanser. Halvmaraton (ei runde) og heilmaraton (to runder). Deltakarane må vere sjølvforsynte med mat og drikke undervegs. Ein finner fleire gode vasskjelder langs løypa.
Vi anbefaler dei som spring heilmaraton å ha ein sekk med mat og drikke ved start/mål/runding, slik dykk kan fylle opp sekken halvvegs, eventuelt bytte litt kle og sko. Arrangøren vil ha litt drikke og digg ved runding/mål (Cola, seigmenn, kjekks, vann, saft)
Når ein kommer til runding snur vi retning og spring runde to motsett vei. Dette gjer vi for at deltakarane skal møte på kvarandre og gjere løpet meir sosialt. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar!
Løypa går stort sett på skogsvei og god sti. Vi merkar løypa i enkelte viktige kryss og i de 200 meter der stien er utydelig. Løypekart med innmerket løype med beskrivelse blir utdelt før start.
Vi ynskjer å arrangere eit løp utan funksjonærar, sponsorar eller premiar. Tidtaking skjer ved at to stoppeklokker ligg ved start/runding/mål, og deltakarane skriver sjølve ned rundetid og sluttid. Ellers lagar vi eit Strava segment på runda slik at dette også kan brukas som tidtaking. Ingen funksjonærar er i aksjon på sjølve løpsdagen Så dette fiksar vi sjølve!
Dette er Norges billigaste maraton! 100 kr for halv eller heil maraton, uansett alder. Vi har heller inga aldersgrense. Vi anbefaler deltakarar under 13 år og springe saman med ein voksen person.
Start og mål er på gardstunet til Arve og Stine på Barstad i Ørsta (Sjå GPS spor, det kommer).
Løpet startar på tunet og vi spring først opp skogsveien til Hellevegen, og denne flotte hellebelagde stien fylgjer vi heilt opp til Brekkesetra. Rett etter setra tar vi av og fylgjer ein brattare sti opp til Kråkenakken (496). Frå Kråkenakken blir utsikta svært vakker! Omkransa av majestetiske tindar på alle kantar, og med flott utsyn over Ørsta sentrum og utover fjorden. Frå Kråkenakken gjeng vegen raskt vidare mot Grøthornet (747m). Her kan vinden ofte vere litt sur og kald, men utsikta over nesten heile Sunnmørsalpane tar bort ned lille pusten du har igjen etter å ha slukt 750 høgdemeter. Vidare går stien litt nedover før den stig opp mot løypas høgaste punkt, Sandhornet (909m). Her er det lov å stoppe opp litt og hive etter pusten mens du nyter den fantastiske utsikta. Nærheita til Saudehornet, Kjerringa, Vassdalstinden og Kolåstinden er spektakulær!
Det ber bratt utfor toppen av Sandhornet, før stien flatar ut og snor seg bortover høgfjellet, og til slutt knekk oppover mot rundas siste fjelltopp, Rambjørhornet (804m). Før ein kan snu tilbake og ned mot Fyldalsheida, må alle heilt opp og rundt varden på toppen. Vi kjem etter kvart inn på en svært god sti ned mot Mosetra (300m). Det flotte kulturlandskapet som omkransar setra, gjer at dei fleste ber ei lita bønn for at bøndene ikkje skal legge ned.
Frå Mosetra fylgjer vi først setrevegen 1 km slakt ned mot Ørsta, her er det fint å lange ut stega mens vi kikker opp på dei bratte fjellsidene som omkransar dalføret. Dei neste 4km er ikkje løypa endelig fastsatt. Mest sannsynlig tar vi av setrevegen i det den vert brattare, og fylgjer alternativ sti til Kanalvegen.
Litt før vi kommer til bebyggelse tar vi inn på ein god sti opp mot Kanalveien (her merker vi). Dette er ein turveg som fylgjer avskjæringskanalen over husa på Øvre Mo. Vegen ender brått og går over i ein sti gjennom tett granskog og små åpne lysninger. Ut av intet dukker skogsvegen opp igjen. Etter lett kupert terreng i ca 1,5 km, tar vi av til venstre og spring bratt oppover. Her stiger det ca. 160 høydemeter før vi er oppe Barstadheia. Alle løparar må heilt opp og ta på selet før dei kan snu same vei ned igjen. Når vi kjem tilbake til skogsvegen, kryssar vi vegen og fylgjer ein bratt ned mot runding. Første del av stien gjeng gjennom open lauvskog, før den svingar til høgre inn i tett granskog. Stien er god, bratt og godt merka. Når vi kjem ut av granskogen kryssar vi ein skogsveg. Her er ei grind som du må husk å lukke slik at husdyra ikkje forsvinn.
Dette er løpet utan premiar, funksjonærar og løpet foregår på allereide opparbeida stiar. Alle deltakerar deltar på eige ansvar og MÅ ha med seg mobiltelefon (ring 113 ved alvorlig skade).
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler