Sauesjå - eit høgdepunkt på hausten, første laurdag i oktober! Marknad, utstillingar, aktivitetar, underhaldning, basar og anna!
Sauesjå er eit tradisjonsrikt arrangement, som hadde sitt utspring i kåring av verlam, når sauane er komne heim frå sommarbeite på heia. Hovudarrangør er Aust-Agder sau og geit, v/ Valle sau og geit, i samarbeid med Valle motell. Denne dagen er det liv og røre på plassen framføre motellet og i heile Valle sentrum, med marknad, utstillingar, gode tilbod i butikkane, konsert, tevlingar og, ikkje minst, Valle bygdekvinnelag sin basar med herleg setesdalssuppe som hovudrett. Også Valle motell har sjølvsagt eigen meny tilpassa temaet denne dagen. Mange utflytta valldølar nyttar høvet til å ta turen heimom akkurat denne helga, og "Sauedansen" på Valle motell på fredagskvelden er ein populær treffstad for både fastbuande og tilreisande.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler