Qigong, Tai Chi og Meditasjon, samt behandling innafor helsesystemet Buqi, grunnlagt av den kinesiske legen (vestleg og kinesisk med.) dr. Shen Hongxun
Taijiwuxigong er ein type Qigongøvingar som er utvikla direkte frå Taijiquan av dr. Shen Hongxun for å motvirke belastningar og helseproblem knytt til moderne livsstil. Systemet er lett å lære, og
er ein sikker og effektiv metode for betre helse og velvære. Taijiwuxigong rettar seg mot både fysiske og kjenslemessige utfordringar, og gjev i tillegg grunnprinsippa for behandling av andre.
Wu-xi-gong tyder «fem-ledds-pust-øvingar», og referer til fem ledd/område på kroppen som vi gjennom eigne øvingar lærer
å «puste» eller opne seg. Desse områda er: Hovud/nakke, skulder/arm, bryst, mage/hofte, fot/hel. Taijiwuxigong set systematisk fokus på dei ulike ytre og indre områda i kroppen, særskilt ledd, musklar og organ, med hovudfokus på ryggrada,
som alle deler av kroppen er kopla til gjennom nervebanar.
I øvingane vert det jobba med å strekke og opne ledda og auke fleksibiliteten, slappe av i dei store musklane, bruke pusten rett, stilne sinnet og få auka fokus.
Målet er å gjere det lettare for kroppen å restituere seg, å betra førestnadene slik at dei sjølvregulerande funksjonane i kroppen ikkje vert forstyrra og forringa.
I tillegg til Wuxigong-øvingane, «daoyin», har Taijiwuxigong óg eigne øvingar for å fremje spontan regulering/qi-rørsle i kroppen, og denne kombinasjonen gjer systemet svært effektivt.
Glad, roleg og avslappa med ein sunn og fleksibel kropp langt inn i alderdomen for flest mogleg.
Kurs i Qigong, Tai Chi, Meditasjon
Buqi-behandling
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler