Seimsåsen aktivitetssenter er eit skisenter i Årdal. Her er 4 km lysløyper og 10 km langrennsløyper, og ein flott akebakke. Skihytte med kiosksal.
Seimsåsen aktivitietssenter har skihytta med kiosksalg. Hytta er open fra januar-påske, til følgande tider: Tysdagar 17-20, Laurdag og søndag 12-16. Utvida opningstider i vinterferie og påskeferie. Anlegget vert drifta av Årdalstangen Idrettslag v/skigruppa.
I tilknytning til hytta er det også sett opp ei grillbu. Den er open og kan nyttast til grilling m.m.
På Paradisjuvet/Brendefjell er det også sett opp ei grillhytte. Turen til Pardisjuvet er ca 10 km tur/retur.
Hytta kan også leigast til arrangement. Meir info om det på ÅTIL sine heimesider.
Det er 10 km. langrennsløyper, samt scooterløyper til Bjødnaholten og Paradisjuvet. Det hender trakkemaskina køyrer løyper til Paradisjuvet viss det er mogleg.
Det er også mange som nyttar området til laussnøkøyring.
På heimesida til ÅTIL ligg det link til web-kamera og vær-stasjon.
http://aatil.no/eway/default.aspx?pid=210&trg=Main_3752&Main_3752=3839:0:4,1037
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler