Servogear er ein verdsleiande produsent og leverandør av vribare propellar og girboksar, med hovudkontor på Rubbestadneset i Bømlo kommune.
Leif Magnus Endresen etablerte Servogear AS heime i kjellaren sin i 1973. Den første leveransen vart installert i ein fiskebåt i Noreg. Sidan den gong har Servogear AS levert meir enn 1750 girboksar og propellsystem over heile verda. I dag er me 50 tilsette i lokala våre på Rubbestadneset. I tillegg har me representantar og serviceoperatørar verda over.
Systemet vårt, Servogear Ecoflow Porpulsor™, er eit unikt vribart propellsystem for hurtiggåande arbeidsbåtar, passasjerbåtar, offshore supply båtar og yachtar. Systemet inkluderer CP propellar, propelltunnellen på skroget, effektror, brakettar og girboksar. Dette gir ein optimal kombinasjon av fart, slepekraft og drivstoff-effektivitet.
Servogear Ecoflow Propulsor er rekna for ei motorkraft mellom 300 og 4000kW og hastighet opp til 50 knop.
Servogear Ecoflow Propulsor™
Servogear Ecoflow Propulsor™ HYBRID
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler