
Budbilen i Setesdal!
Frå Arendal og Kristiansand til Hovden kvar dag.
Setesdalsbudet er budbilen i Setesdal. Kvar dag er tre bilar på vegen frå sørlandskysten og opp til Hovden. Vi fraktar smått og stort, lett og tungt for bedrifter og private. I det heile skal det mykje til viss ikkje vi skal kunne få det med oss!
Dersom du har behov for å sende varer andre stader i landet, har vi eit stort kontaktnett av transportørar. Kontakt oss, så finn vi sikkert ei løysing!
Vi er stolte over å ha etablert oss i Setesdal, og takknemleg for kvar og ein av kundane våre. Vi er heldige som får lov til å møte så mange smilande menneske kvar dag opp og ned Setesdal :-)
Bestilling gjer du enklast på telefon til Kenneth på vekedagane, men send oss gjerne ein e-post også dersom det er enklare for deg.
Vi sjåast!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler