Hytteutleige, båtutleige, guida båtturar, sal av kjøtt, bringebær, plommer, skinn og andre lokale produkt.
På Rykkje, 5 km frå Øystese sentrum, ligg Sjøtunet med Pakkhuset, Sjøloftet og Naustet, tre fullt utstyrte utleigeeiningar. Idylliske omgjevnader på ein fruktgard ved Hardangerfjorden.
I Øystese og Norheimsund er det butikkar, hotell og restaurant. Avstand til Bergen er 85 km, om lag 1,5 time med buss eller bil.
Hyttene har utsikt over fjorden, eigen avskjerma uteplass og moglegheit for leige av båt og fiskeutstyr.
Tilgang på plommer og bringebær i sesongen, kjøtt og skinn frå eigne dyr kan kjøpast heile året.
Plassen er bygd som handelsplass i 1850, med småbruk i tillegg. Frå 1945 var hovudnæringa veksthus med tomat, agurk og blomsterproduksjon. I dag driv vi med sau, kalvar, bringebær, plommer og utleigehytter, sal av eigne produkt og kurs- og selskapslokale.
Ein del av småbruket vårt ligg på Kvamsøy der sauene beiter vår og haust, og der mesteparten av vinterforet vert hausta.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler