
Skåbu oppvekst ligg i fjellbygda Skåbu i Nord-Fron kommune. Vi har barnehage, barne- og ungdomsskule. Her kan du finne nyttig og aktuell informasjon.
Skåbu oppvekst ligg i fjellbygda Skåbu i Nord-Fron kommune. Vi er Norges fyrste entreprenørskapsskule, og har fokus på kreativitet, læring gjennom praktisk arbeid, motivasjon og meistring. For å styrke stoltheit over eiga bygd og psykososialt miljø for elevane, samarbeidar vi med lokalt nærings- og kulturliv i fleire fag. Vi har utvikla ein eigen entreprenørskapsplan som omfattar alle trinn, frå barnehage til og med 10.klasse.
Ungdomsskulen er i startgropa med eit stort internasjonalt/entreprenørielt utvekslingssamarbeid med skular i England. Målet er å utvide sosialt læringsmiljø og auke entreprenørskapskompetansa hos elevar og lærarar.
Vi har gode lokale for elevar og lærarar, med mellom anna symjehall, gymsal, datarom, sløydsal og nyoppussa skulekjøken.
I tillegg har vi eit stort uteområde for aking, ski, fotball og andre leikar. Sist men ikkje minst har vi ein eineståande natur rett utanfor skulegrinda.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler