Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste som dekkjer kommunane Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal.
Spørsmål til oss?
Bruk gjerne veggen og melding til å stille oss spørsmål. Me svarar så fort me kan, innanfor vår arbeidstid, som er måndag til fredag kl. 08-15.45.
Me driv ikkje sakshandsaming på Facebook, så om du har spørsmål om ei konkret sak ber me deg kontakte oss per telefon 57 62 97 30 eller via e-post: [email protected]. Hugs at du ikkje bør sende sensitiv informasjon på e-post og at du ikkje er anonym når du skriv på Facebook.
Ut over det å svare på spørsmål ønskjer me å bruke vår Facebook-side til å informere, få innspel og tilbakemeldingar, og gi moglegheit for deling av informasjon om barnevern generelt. Dine meiningar er viktige for oss, så del dei gjerne aktivt. Følg med på nyheiter og bli med i samtalar på veggen vår.
Me håpar at du vil oppleve sida vår som både nyttig og inspirerande.
Reglar for god åtferd:
Me vil gjerne høyre frå deg, men vær oppmerksam på at me ikkje vil tillate at du postar innhald som fell inn under nokre av kategoriane nedanfor. Sogn barnevern tek atterhald om retten til å fjerne posteringar som:
- Oppfordrar til vald eller anna bruk av fysisk makt
- Utgjer hat-ytringar
- Viser farlige eller valdelege aktivitetar
- Har pornografisk innhald
- Er fornærmande, ærekrenkande eller uanstendige
- Er ureielege, villeiande eller misvisande
- I strid med rettar til en tredjepart
- Inneheld personopplysningar til en tredjepart
- Er i strid med gjeldande lover og forskrifter
- Viser spam, eigenreklame eller irrelevante posteringar
- Er i strid med Facebook sine vilkår
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler