
SFJ-FBIS skal verte ein fristad for kristne og ein stad med fokus på åndeleg vekst, familiens verdiar og våre vener i Israel sin situasjon.
SFJ-FBIS skal verte ein gard med hovedfokus på familiære verdiar, utvikle vår kristne tru og større fokus på situasjonen for våre vener i Israel. Vi ynskjer å bringe kristne nærare saman og bidra med ein fristad for Kristne familiar eller enkeltpersonar, slik at desse enklare kan møte ein utfordrande kvardag. Ein møteplass der de alle er velkomne, året rundt, 24 timar i døgnet.
SFJ-Familie, Bønn og Israel senter har sitt utspring frå Sogn og Fjordane Bibelsenter. Men vi ynskjer også å famne breiare. Vi har som mål å finne ein gard og drive den slik at kristne kan oppnå pusteromi frå kvardagen. Det overordna målet er å famne om alle som lever i trua på Jesus (uavhengig av menighetstilhøyrighet) eller menneske som ynskjer fred til å utforske trua si i vennlege omgjevnader. Det er etterkvart ei kjennsgjerning at vi lever i ei verd, stadig meir i konflikt med den kristne trua og dei verdiane vi kristne lever etter.
Denne "oasen i ørkenen" vil bidra til ein viktig moglegheit for kristne å møtast og leve saman i større eller mindre periodar. Ein unik moglegheit for kristne å vekse i si tru, under minst mogleg påverknad frå omverda. Som det ligg i namnet skal vi ha eit oppløfta fokus på familie og Bønn. Men kanskje like viktig er også kristne sitt forhold til Israel. Vi vil forsøke å formidle eit "rettvendt bilete" av Israel. Samstundes er det også viktig at vi viser vår unisone støtte til Jødane og deira heimland. På mange måtar kan ein kanskje samanlikne dette med ein Israelsk "Kibbutz" men med nokre modifikasjonar.
Vi er avhengig av støtte frå våre kristne vener for å realisere dette og vi ber om at de bidreg på den måten som de ser best.
For dei som vil bidra til å realisere dette økonomisk, er vårt kontonummer:
3705.26.01186
Eg vil på førehand takke alle som vel å bidra i alle størelsar. Vi vil også oppmode dei som har noko dei ynskjer at vi skal be om: legge igjen ein forespørsel slik at vi kan be for deg eller dine. Vi vil også oppmode våre medlemmer til å be for oss og å bidra i bønn for prosjektet, men også for dei som ber om det.
Inga oppgåve er for stor for vår Gud!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler