
Me opnar Kakebua igjen i juni 2018
Like ved riksveg 7, turistvegen gjennom Hardanger, ligg Steinstø Fruktgard. Me gler oss over å by på kvalitetsfrukt og -bær, heimelaga eplesaft, syltetøy og gelear, smurde lefser, eplekaker og mangt anna godt. Me har kafé og utsal – Steinstø Frukt- og Kakebu – ved riksvegen, og gardsrestauranten Kjedlaren i gardstunet. Dessutan tilbyd me ulike aktivitetar for store og små.
På garden bur bonden Ola Steinstø og sambuar Ruth. Dei har fem born. Kårfolket, Turid og Arnvid Steinstø, bur eit steinkast unna. Dei er uunnværlege i gardsdrifta.
Heidi Steinstø Helgheim, syster til Ola, har òg sitt daglege virke på garden. Ho driv gardsrestauranten Kjedlaren og Steinstø Frukt- og Kakebu.
Gamlastovo Gardsrestaurant
1 km
Førehandsbestilt familieferiring for gruppe på litt over 20, fekk god tradisjonsmat m...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler