
Norsk Fjordhestgard er eit senter for avl og bruk av Fjordhest. Vi driv med kurs, leirar og anna hestleg aktivitet! Ta kontakt :)
Norsk Fjordhestgard er eit hestesenter idyllisk omringa av vill og vakker Vestlandsnatur. Senteret ligg like ved E39 mellom Reed og Byrkjelo, noko som gjer det enkelt å finne fram, men vi er likevel skjerma frå all trafikken.
Vi driv med all mogleg hesteaktivitet. Turisme, lange eller korte turar på hesteryggen eller i vogn i vakre omgjevnader, rideundervisning, ridekurs osv. Vi kan skreddarsy opplegg etter ønske. Om sommaren tilbyr vi også rideleirar for store og små!
På vinterstid leiger vi ut lagringsplass til campingvogner/bilar osv. Vi leiger også ut annlegget vårt, beståande av kjøkken/kantine, stallplassar for oppstalling, ridehall osv.
I tillegg er vi stolte over at Norsk Countrytreff kvart år dreg tusenvis av besøkande til annlegget vårt :-)
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler