Stord Lufthavn, Sørstokken
Stord lufthamn er Sunnhordlandsregionen si lokale lufthamn.
Lufthamna ligg svært gunstig plassert på vestsida av øya Stord.
Frå Leirvik sentrum tek det ca. 18 minuttar med bil ut til lufthamna.
For tida operer det to flyselskap på Stord lufthamn;
- Stordflyet / Danish Air Transport (DAT) flyg 13 rundturar pr. veke på strekninga Stord-Oslo-Stord med flytypen ATR-42 med 46 passasjerseter. Flyturen mellom Stord og Oslo tek ca. 55 min.
- Widerøe flyg mellom Stord og Molde mandagar. Dei nyttar flytypene Dash-8-100 med 39 seter og Dash-8-300 med 50 seter på denne strekninga. Turen tar ca 1 time.
I tillegg til rutetrafikken nyttast lufthamna regelmessig til treningsflyging, og tidvis til charterflygingar.
Stord Lufthamn tilbyr rask og effektiv innsjekk og gratis parkering for bilar. Kjem du med elektrisk bil; gratis opplading medan du er vekkreist!
Flyplassanlegget er eigd av Stord kommune og vert driven av Sunnhordland Lufthavn A/S.
Stord kommune (79%) og Hordaland fylkeskommune (21%) er eigarar av lufthamnselskapet.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler