Studio BO designer og produserer porselensprodukter fra start til slutt. 100% handmade fra Norge.
Studio BO 1140 starta opp hausten 2016 i eit naust av samboerparet Britt Rørvik Digernes og Ole Giskeødegård.
Tidleg hadde vi ein visjon om å skape noko fra bunnen av, lage produkt med god kvalitet som folk kunne ha nytte av i lang tid. For Britt var det naturlig å starte med porselen, fordi dette var ein draum ho hadde tenkt på ei stund, Ole som har vore ein aktiv jeger, syntes det hørtes spennende ut å lage sine eigne kniver.
Så fokuset i Studio BO 1140 har blitt porselen og knivmaking, og etterkvart kjem det godt muleg også andre ting.
Vi er så heldige å bu og arbeide på denne vakre sagaøya Giske, her kor dei mektige arnungane med nær kontakt til heilag Olav budde for ca 1000 år tilbake i tid. Øya Giske ligg vakkert til ut i havgapet i Giske kommune, her har vi eit fantastisk lys, og ved heldige stunder eit magisk nordlys som ein bare må oppleve.
Vår visjon er å arbeide med hjertet og skape unike handlaga produkter av høg kvalitet med lang varighet til bruk og glede for våre kunder.
Britt er frå Valderøya og er utdanna adjunkt, og ho har grunnfag kunst og handverk med fordjupning i leire frå Høgskulen i Volda. Ho arbeider i skulen, og har i mange år undervist i kunst og handverk m.m.
Ole er frå Giske og har vore
produksjonssjef i 20 år, her fokuserte han mykje på produksjonsprosessar og testing. Siste åra har han jobba som teknisk sjef og utvikling av nye produkt .
Oss bruker mykje av vår fritid på design og utvikling av nye produkter innen både porselen og knivmaking. Fortida, det magiske lyset, og det åpne landskapet ut mot det mektige havet gir inspirasjon til både fargevalg og former som gjenspeiler seg i våre produkt.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler