Vi er eit firma som sel brukte bildelar. I tillegg driv vi ein autorisert bilverkstad med mekaniske og karosserimessige reperasjonar, samt lakkering.
Sunnfjord Bil vart etablert hausten 1976 i ei løe rett utanfor sentrum av Førde. Bilvraka låg på toppen av eit sandtak eit godt stykke unna. I 1978 vart det innførd vrakpant på utrangerte bilvrak og Sunnfjord Bil fekk konsesjon på utskriving av vrakpant. Plassen og forholda vart etter kvart for kummerlege så vi flytta til Øyrane, eit industrifelt i Førde, i 1981. Der fekk vi etterkvart eit datastyrt lager og Sunnfjord Bil vaks raskt. Sommaren 1987 vart det igjen for trongt og vi måtte flytte på ny, denne gongen til Reset, der vi endeleg fekk ei permanent tomt. Sidan den gongen har utviklinga gått raskt og vi har utvida hovudbygget to gonger og tomta ein gong. Oddvar Strømsli er gründeren. Lenge var han åleine, men i dag har han 8 tilsette under seg.
Store miljøkrav har etterkvart kome til denne bransjen, og miljøbedrifta Sunnfjord Bil har heile tida følgt opp dei krav som til ein kvar tid vert sett. Vi er opptekne av at miljøet vert teken vare på.
I 1980 vart vi tilslutta ein landsomfattande foreining for biloppsamlarar, Norges Biloppsamlers Forening (NBF), der vi enno er medlem. Vi har eit tett og godt samarbeid med dei andre medlemmene og hjelper gjerne kundar med å skaffe delar frå ein av våre kollegaer.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler