Sunnmørsk klatreklubb vart skipa i 1974.
Vi dekkjer heile Sunnmøre og har som mål å auke kontakten og trivselen mellom klatrarar på Sunnmøre.
Vi arrangerer årleg fleire aktivitetar for medlemmane våre.
I Januar/Februar arrangerast den tradisjonsrike lysbiletesamlinga vår på Standalhytta. Det blir vist bilete frå bratt lende med tilhøyrande gode historier, og alle som har ynskje om det får vise bilete og røle litt av eigne bestigningar.
I August/September arrangerer vi Molladalssamlinga. Der samlar vi klatrar frå heile Sunnmøre for klatring i eit fantastisk landskap, med god stemning rundt bålet på kveldstid.
Sunnmørsk Klatreklubb skal:
- Fremje kontakt mellom klatrarar på Sunnmøre.
- Halde i hevd klatring som friluftsliv etter sunnmørsk tradisjon.
- Arbeide for trivsel og sikrare ferdsel i fjellet.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler