Grafikk av Svein Are Mørkve
Etsing er ein form for djuptrykk, der motivet vert etsa inn i ei trykkplate ved hjelp av syre. Dette er ein omstendeleg prosess som ofte tek lang tid.
Etter at trykkplata er ferdig etsa er det klart for trykking. For hand vert farge gnidd inn i trykkplata, før overflødig farge vert fjerna. Ofte nyttar ein fleire fargar, som ein blandar direkte på trykkplata. Eit bilete (grafisk blad) består ofte av to eller fleire trykkplater - dette for å skapa kontrastar mellom ulike fargar.
Denne måten å laga bilete på gjer at kvart enkelt bilete vert unikt, og ingen er heilt like. Kunstformen er høgt respektert i kunstmiljø i heile verda, og teknikken er svært gamal. Det er med andre ord ikkje det same som å printa ut eit bilete på printaren heime...
Vonar du finn bileta mine interessante, og at du finn glede av å betrakta dei og ha dei i dine omgjevnadar.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler