
Sykkylven speidargruppe er den største NSF gruppa mellom Bergen & Trondheim.
Vi har mange kjekke speidara frå 2.klasse og opp til 25år.
Sykkylven speidargruppe har runda 75 år, og er dermed ei av dei eldste speidargruppene på Vestlandet. Med sine rundt 100 medlemmar i alder frå 2. klasse til vaksen, er gruppa livskraftig og vital, med eit omfattande tilbod. Aktivitetane er mange, med fokus på friluftsliv, samfunnsansvar, vennskap og fellesskap.
Speidargruppa har sin faste base i den velhaldne speidarhytta Speidarbo i Skogvegen, og herifra er vegen kort til dei store opplevingane. Sykkylven er eit eldorado for alle som likar seg utandørs, og sykkylvsspeidarane veit å gjere seg nytte av naturen både til fjells og ved sjøen, til alle årstider.
Sykkylven speidargruppe har mykje utstyr til bruk under leirar og utflukter, mellom anna eit sett på åtte kanoar som har gitt små og store speidarar mykje glede. Vi er fast deltakar på lands- og kretsleirar. I tillegg set vi kursen utanlands kvart fjerde år.
Sykkylven speidargruppe vert driven etter speidarmetoden. Det er eit mål at alle speidarar, gut og jente, liten og stor, skal oppleve glede, vennskap, personleg vekst og tilfredsstillinga som det gir å meistre utfordringar på stadig nye område.
HLF Sykkylven
848 meter
Lokallaget består av frivillige som gjør en viktig jobb for hørselsaken i ditt nærmil...
LHL Sykkylven
848 meter
Velkomen til LHL-Sykkylven:
17.desember 1987 blei Sykkylven og Stranda lag av lhl...
Brukarorganisasjonane i Sykkylven
848 meter
Sykkylven bedehus: alle tiders til samling, fest og musikkøving,- for eksempel Credo ...
Mental Helse Sykkylven
848 meter
Mental Helse er en medlemsorganisasjon for alle mennesker med psykiske helseproblemer...
Gi Glede
1 km
Frivillig organisasjon med formål om å hjelpe og støtte fattige og/eller vanskeligsti...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler