Avspenningsmassasje, Holistisk massasje, Bowen-terapi, samtale/veiledning. Lette og skånsame metoder for kropp og sinn. Gåvekort. Meditasjonskveldar
Wenche Tollefsen, Terapi & Indre vekst er ei lita koseleg bedrift som er oppteken av heile menneske. Eg tilbyr holistisk massasje, hjertehealing, Bowenterapi , følelseforløysande terapi og veiledning/samtale for både høgsensitive og andre.
Holistisk massasje: Djup avslappande massasje som er mild, lett og omsorgsfull. Kan hjelpe deg å komme i kontakt med din eigen kropp, finne ro, avspenning og få følelsemessig likevekt. Massasjen eignar seg som rein avspenningsmassasje eller som massasje der ein jobbar med ubalansar kroppsleg eller følelsemessig. Tilbyr heilmassasje, ansiktsmassasje og rygg/nakke med og utan akupressurpunktmassasje.
Bowenterapi: Bowen er ein muskel- og bindevevsterapi. Dei forsiktige grepa stimulerar energiflyt og blodsirkulasjon og kan betre bevegelsen i ledd og sette i gong ein renseprosess i kroppen. Teknikken er holistisk og vender seg til heile kroppen og ikkje berre til det aktuelle problem. Den stimulerar kroppen sine eigne helbredande ressursar og kan anvendast ved mange forskjellige plager. Les meir på heimesida.
Hjartehealing: Ein mild, men samtidig djupgåande metode som kan hjelpe deg å komme gjennom utfordringar du har no. Også gamle sår kan forløysast i ein slik prosess.
Følelseforløysande terapi: Ved samtale finn ein fram til kva som er det viktige område å arbeide med i forhold til det du sit fast i, kroppsleg eller følelsemessig. Ved bruk av forskjellige teknikkar kan ein gå tilbake til tidlegare episodar og bearbeide og få lys inn i situasjonen. På denne måten kan følelsen/blokkeringa verte forløyst.
Veilledning/samtale for høgsensitive: Samtale der vi har fokus på å finne dine ressursar og korleis du kan redusere sjansen for å bli overstimulert og utmatta.
Samtale som lågterskeltilbod for deg som treng nokon å snakke med. Ikkje alle har samtalepartner der ein kan bli møtt med respekt og forståing for eigne opplevelsar og følelsar. Ved større utfordringer oppmoder eg til å ta kontakt med psykolog.
Prisliste:
*Heilmassasje- 90 – 120 min. 1200,-
*Rygg/nakkemassasje u/akupressur – 60 min kr 600,-
(behandlingspakke betal 4 og få den 5.beh.)
*Rygg/nakkemassasje m/akupressur – 90 min kr 750,-
(behandlingspakke: betal for 4 og få den 5.behandlinga gratis)
*Ansiktsbehandling med 21 punkter + nakke- 60 min. 600,-
*Bowenterapi – ca 60 min – enkeltbehandlinger 500,-
(behandlingspakke 5 behandlingar – kr 2000,-)
*Hjartehealing med terapeutisk samtale- ca 90 min. 750,-
*Hjertehealing- 60 min. 600,-
*Individuell veiledning for høgsensitive kr 600 - 750.
* Samtale/veiledning kr 600 - 750
*Sal av gåvekort på alle behandlingane, eller ønska beløp.
Dersom dette gjer deg nysgjerrig kan du besøke heimesida: www.fordeterapisenter.no eller ta kontakt med meg på mail: [email protected] / tlf: 92423782
Avspenningsmassasje/energibehandling
Bachremedier
Bowenterapi
Holistisk massasje
Følelseforløysande terapi
Terapeutisk healing
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler