100% ull, kr 350,- + evt. frakt
Toppturluer frå Romsdalen.
Luene er handlaga av denne frøkna her, Eva Kvendbø, mens ho venter på ferga til og frå toppturar på ski eller venter på eitt eller anna artig som skal skje.
Luene er laga med utgangspkt. for at eg sjølv skal sjå forskjellig ut på bilder- og sjølvsagt laga etter min smak. Dei er da stort sett forhåndsprøvd ute på tur og kvalitetssikra minst ein gong før dei er vaska i Milo.
Dei er hekla etter min hodeomkrets på 57 cm.
Luene er foreløpig laga kun i 100% ull, håndvask på 30grader (eg vasker dei i Milo på 30grader ullvask- det har foreløpig gått fint det og- sjølv om bruksanvisninga på garnet er "håndvask"), evt dei kan tovast på 30-40grader i maskin dersom str er for stor.
Luene får navn etter kor dei har vorte laga, stort sett etter fjelltoppar i Møre og Romsdal.
Ingen luer er like. Dersom "kopi" av ei lue er det ingen garanti for at ho blir heilt lik, ho kan også bli finare;)
Kan lages på bestilling og med egne fargeønsker, men det blir ingen storproduksjon av dette- det vil jo gå utover mine muligheter til fysisk aktivitet;)
Luer. Copyright© Eva Kvendbø
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler