Eit samarbeid mellom Træland Gard, Gløde og NAV som gir reel arbeidstrening.
Træland Gard ligg på Hundvin i Lindås kommune, 20 km nord for Knarvik. Garden har vore i drift i om lag 150 år. Solveig og Rolf har drive han dei siste 20 åra. Det vert lagt vekt på å bevare kulturlandskapet og ta vare på både gards- og mattradisjonar.
Garden ver driven på økologiske premissar med 2 hestar, 15 høns og 25 vinterfora sauer. Me har også drivhus, eigen kjøkkenhage, hund og lavvo. Garden har om lag 45 mål innmark og vel 300 mål skog og utmark. Me har naust og båtar i Trælandsvågen og i Hetlehovdatjørna. Hjå oss kan me tilby aktiv deltaking i arbeidet på garden. Friluftsaktivitetar i nærområdet, ski, skøyter, padling o.l. er ein naturleg del av tilbodet. Frå skuleåret 2002 har me drive skule-gardsamarbeid med den lokale barneskulen, spesielt retta mot mellomsteget. Våren 2016 startar me også opp med Grønt arbeid.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler