https://www.facebook.com/profile.php?id=100005099087638
Treungenfestival vart fyrste gong arrangert i 2003. Initiativtakar var Jørgen Solberg, http://www.facebook.com/jorgensolberg1972
Festivalen klarte å samle ca. 1.700 besøkande på Sommarsletta i Treungen dette året. Dei fyrste åra var det konsertar over to dagar, og publikum var i stor grad dagsbesøkande.
Etter dette har det vore ei fantastisk utvikling, der ein dei siste åra har hatt om lag 12.000 besøkande fordelt på 3 dagar, fyrste helga i august.
I takt med publikumsveksten, har festivalorganisasjonen også måtta tilpasse seg, og i 2008 kom også Carl Erik Winter Larsen og Jan Arvid Setane inn som eigarar, ved at Treungenfestival AS vart stifta. Selskapet står som arrangør av festivalen, og leiger inn underleveransar, både frå verksemder og frivillige lag og organisasjonar. Pr. i dag er det ingen som jobbar dugnad direkte for arrangør.
Ramma for konsertområdet er Sommarsletta, eit kommunalt friområde tett attmed Nisser. Området har ein kapasitet på om lag 6.000 besøkande pr. kveld.
Treungenfestival kan i dag tilby over 50da festivalcamping 5 min. gange frå festivalområdet. Med plass til ca. 750 bueiningar, dusjar, sanitærbygg, fleire matsal og straum til alle, har Treungenfestival etablert seg som ein av dei store festivalane i Sør-Noreg.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler