I fritida mi vev eg forkleband til Vest-Telemarksbunad, beltestakk, bringeklutbunad og jentebunad. Eg lagar også vippeband, sokkeband, og brikkevove band med mønster frå jernalder/vikingtid. Open: fredag eller laurdag etter avtale.
I fritida mi vev eg forkleband til Vest-Telemarksbunad, beltestakk, bringeklutbunad og jentebunad.
Det er allstøtt nokre band på lager, men du kan òg bestille eit band med mønster og fargar etter dine ynskje.
Ta gjerne kontakt via melding, sms eller e-post (eg kan dessverre ikkje alltid ta telefonen om dagen). Vil du sjå på band, eller stikke innom for ein prat, er eg tilgjengeleg etter avtale på fredag eller laurdag.
Eg har vove band i nokre år no, og bruka berre munn-til-munn reklame. Det er ikkje alltid så lett å få tak i ein som kan veve forkleband. Då kan det vere greitt med ei fjesbokside i tillegg...
Handvove band har betre kvalitet enn maskinvove; dei er mykje finare i detaljane, og kan ha fargenyansar og mønster etter dine ynskje. Slik kan du få eit staseleg, personleg og unikt band med utgangspunkt i lokal bunadtradisjon.
Driv også med å slenge sokkeband og med brikkeveving innimellom, og lagar brikkeband med mønster frå tidleg jernalder, vikingtid og mellomalderen.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler