Turkompaniet er stifta for å skape ein samlingsplass for alle som bur eller er mykje på Hovden/ i Bykle, og som er interesserte i friluftsliv, ski, klatring, sykling, surfing, slakk line, turar og andre aktivitetar!
Av aktivitetar vi har arrangert kan vi nemne surfeturar til Jæren, toppturar og skiturar, longboardsamlingar, kitekurs, kurs i utforsykling, kurs i isklatring, fisketurar, filmkveldar, jibbekurs og mykje anna gøy!
Alle er velkomne som medlemer i Turkompaniet. Vi har medlemer busett på/ i Hovden, Bykle, Kristiansand, Vinje, Arendal, Lillesand, Vennesla... I alder spenner medlemer frå born til 60 +.
Medlemskap kostar kr 250,- per år, eller kr 400,- for par/ familiar. For å bli medlem kan rett beløp betalast inn til konto 2801.18.83496. Merk innbetaling med "medlemskap" og namn. Send ein e-post til [email protected] for å kome inn på e-postlista vår.
Velkomen i gjengen!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler